Hytteundersøking i Suldal 2017

Til alle som eig ein fritidsbustad i Suldal.
Fritidsbustader er ein stadig viktigare base for friluftsaktivitetar og er etter kvart blitt ein stor del av fritida vår. Slik også i Suldal. Me vil gjerne at de som har ein fritidsbustad i Suldal skal trivast i kommunen, og meinar det difor er viktig å få god kjennskap til kva hyttesuldølene synest om sitt hytteområde. Det gjeld t.d. forhold som tilretteleggjing og vidare utvikling av service- og aktivitetstilbod. Me håpar difor at du/dykk kan bruke litt tid på svare på spørsmåla i denne undersøkinga.

Svara blir brukt til å lage statistikk, og ingen svar kan førast attende til enkeltpersonar. Det er kun personal i Suldal Vekst som har tilgang til besvarte skjemaer, og alle data blir handsama konfidensielt.

Alle som svarer er med i trekning av kjekke opplevingar i Suldal. Hugs å oppgi kontaktinformasjon til slutt i skjemaet om du vil delta i trekninga.

Har du spørsmål ta kontakt med Suldal Vekst på tel 52 79 06 00 eller epost post@suldalvekst.no.

Med beste helsing
for Skattkammeret Suldal
Suldal Vekst
www.visitsuldal.no
0% ferdig
Spørsmål 1. Kva slags fritidsbustad har du?
Spørsmål 2. Kvar er fritidsbustaden lokalisert?
Kryss av for næraste område
Spørsmål 3. Når vart fritidsbustaden bygd?
Spørsmål 4. Kva er storleiken på hytta (medrekna eventuelt annkes)?
Bruttoareal rekna i kvadratmeter
Spørsmål 5. Kor mange sengeplasser er det i fritidsbustaden i dag (medrekna eventuelt anneks)?