VALG 2019: Samling for regionledere og sentralstyret

Kjære regionleiar og sentralstyremedlem

Du er med dette invitert til NHFUs val 2019-seminar i lag med sentralstyret. Seminaret skal vere på hovudkontoret i Schweigaards gate 12, Oslo, laurdag den 9. februar kl. 11:00-17:00. Føremålet med seminaret er å bygge kompetanse kring hovudsakene våre inn mot kommunevalet 9. september; BPA-forvaltning og universell utforming av barne- og ungdomsskular. Vi skal òg lære om strategi, påverknad og lobbyisme, og saman finne ut korleis NHFU skal bidra til å setje desse to sakene på dagsorden, og syte for at det er noko nyvalte politikarar i kommunane og fylka vil prioritere.

Denne invitasjonen er i utgangspunktet personleg. Kvar region kan sende ein deltakar. Dersom du ikkje har høve, kan du sende ein nestleiar eller ein annan i regionstyret som har interesse for politikk. Trykk på denne lenka for å melde deg på. Påmeldingsfrist er 19. desember. Dersom du har lyst til å delta, men ikkje rekk melde deg på innan frist, ta kontakt med Kristofer på kristofer@nhf.no. Vi kjem til å sende meir detaljert informasjon om programmet etter kvart. Vel møtt!

Program:
11:00 Velkomen
11:15 Kva er stoda om BPA?
12:15 Kva er stoda om universell utforming av barne- og ungdomsskulane?
13:00 Lunsj
14:00 Korleis påverke lokalpolitikarar?
15:30 Kva rolle skal vi spele inn mot 9. september?
16:45 Takk og avslutning

Praktisk: Vi dekker billigst mulig reisemåte, og legger opp til at dere reiser frem og tilbake samme dag.
Navn
Fødselsdato
dd.mm.åå
E-postadresse
Telefonnummer
Dersom vi skal bestille fly for deg, skriv under: Fødselsdato og fullt navn på deg (og eventuelt assistent). Dersom du har rullestol skriv mål på rullestolen og dersom du trenger assistanse, skriv under hva du trenger.
Har du studentbevis, ledsagerbevis og/eller honnørkort?
Har du allergier eller noe det er viktig vi vet?
Er det noe noe annet du tenker vi burde vite?